Reindyrka opp av kjellaren.

Reindyrka opp av kjellaren.

Reindyrka treng fleire kundar for å overleve. For å klare dette er det nødvendig å flytte butikken opp på gateplan.

Et prosjekt av Reindyrka as, publisert 08.03.2018 00.00. Reindyrka as sin nettside. Prosjektet tilhører kategorien Skaperglede.
Innsamlet kr 236 403
78 %
Målbeløp kr 300 000
Speedometer Fleksibelt målbeløp
Givere 324
Dager igjen

Prosjektet ble avsluttet 15.05.2018.


Vi må bli meir synlege for å overleve, og det skal vi klare med butikken opp på gateplan. For å kunne flytte butikken opp av kjellaren, frir vi til nye og gamle kundar om støtte til å flytte på gateplan i 2018 gjennom vårt folkefinansieringsprosjekt. Vi har fleire aktuelle alternativ til nye lokaler.



Reindyrka er Bergens einaste heiløkologiske butikk og er etter 7 år framleis ein sjølvstendig og kjedeuavhengig aktør i ein tøff bransje.


Når du velger å handle på Reindyrka får du med verdien av å bidra til dette:

  • støtte ei lokal bedrift og arbeidsplassar i Bergen sentrum.
  • bidra til levebrød for små og store økologiske produsentar.
  • støtte leverandørar som holder på å vokse seg store nok til å komme inn i den tradisjonelle daglegvarehandelen.
  • inkluderande arbeidsliv.
  • aktive tiltak mot matkasting.
  • minst mulig bruk av plast. 
  • høg andel av gjenbruk i innredning. 
  • produksjon av tøynett av gjenbruksstoff frå ei verna bedrift i Bergen.

Butikken har oppnådd Debio sitt gullmerke. Det betyr over 90% økologiske matvarer i butikken. I vårt tilfelle over 98%, vi har litt vilt også. Vi vel alltid den lokale leverandøren først.

Vi tykkjer folk flest fortener eit større mangfald å velje i når dei skal fylle handlekorga si, så vi held fram kampen mot dei store daglegvarekjedene. Vi tilbyr alt frå eit stort utval frukt og grønt, til alle typar tørrvarer, vaskemiddel og hupleie. Alt økologisk sjølvsagt. Det er mellom 1500 og 2000 ulike varer i butikken. I desse dagar opnar vi også Reindyrka nettbutikk.

Sidan vi ikkje har innkjøpsavtalar og rabattar, som dei store kjedene har, er økonomien svært stram. Som kjedeuavhengig kan vi fritt ta inn varer frå småskalaprodusentar. 

Reindyrka er med på å oppretthalde livsgrunnlaget for litt over 30 bønder og produsentar på Vestlandet, og endå fleire i resten av landet, og verda. 

For å kunne overleve, treng vi at fleire kundar finn oss, og brukar butikken. Ved å flytte på gateplan meiner vi at vi kan auke omsetninga til eit nivå der vi klarer oss, og kan halde fram jobben med å gjere den økologiske kvardagshandelen enklare.


Kva pengane går til.

Støtta vi mottek frå deg går direkte til å dekke flyttekostnadane, og vi vil understreke at støtta ikkje vil gå til å dekke påløpte driftskostnader. I god Reindyrka ånd, vil vi prioritere gjenbruk når vi skal innreie ny butikk. Pengane skal nyttast til oppussing av nye lokaler, innreiing, flyttekostnader og markedsføring.

Dersom vi er så heldige å nå vårt første delmål vil vi setje opp eit lite produksjonskjøken, for å kunne tilby Reindyrka matrettar til å ta med.

Og dersom vi til og med oppnår delmål to, ynskjer vi å opne ein kafédel med sitjeplassar i butikken.


Dei sosiale gründerane bak Reindyrka er Anne-Line Randal og Anja Eilertsen. Vi har jobba saman sidan 2008 for å grunnlegge og drive Reindyrka, hovuddrivkrafta er å vere eit konkret tiltak for jordbruk og produksjon som ikkje skadar vatn og jordsmon. Vårt bidrag er butikken Reindyrka, der kjøpet ditt er med på å gje noko tilbake til dei som vel å drive produksjon på lag med naturen.



Framtidsplanar og ynskjer.

For å dele av vår og vårt nettverk sin kunnskap og erfaring drøymer me om å tilby kurs og foredrag om våre kjerneområder, som matkurs, minske matsvinn, dyrking, sanking, leve plastikkfritt og miljøvennleg.


Hjelp oss å hjelpe den økologiske bonden!

Ynskjer du å investere i Reindyrka, kontakt  post@reindyrka.no

Følg oss på https://www.facebook.com/reindyrka/



Loading Laster inn...

Takk til bidragsyterne:

171 anonyme

Du må være innlogget for å legge til kommentarer.

tid

Navn

Kommentar

Rapporter 3

250000 kr
Reindyrka ta med. Med denne finasieringa kan vi bygge eit produksjonskjøkken. Der vi vil produsere for salg, og dermed minske svinn betraktelig.

94%


500000 kr
Reindyrka matservering. Dersom vi er så heldig å nå dette delmålet, ynskjer vi å tilby økologisk matservering og sitteplassar i våre nye lokaler.

Anja Eilertsen

Prosjekteier

Anne-Line Randal

Prosjekteier

Nøkkelord

Smaken av norske epler!

Smaken av norske epler!

Kjenn skilnaden! Kom innom butikken og få 1 gratis økologisk eple frå den norske bonden.

9 personer har bidratt Begrenset antall: 2991 igjen kr 100
Estimert leveranse 30.09.2018

Zero waste tøynett

Zero waste tøynett

Du får eit handsydd tøynett til frukt og grønt, laga av gjenbruksstoff. Produsert av Nordnes Verksteder, ei verna bedrift i Bergen. Tøynettet kan hentes i butikken, eller sendes i posten.

69 personer har bidratt Begrenset antall: 31 igjen kr 200
Estimert leveranse 30.06.2018

Kaffe og sjokolade

Kaffe og sjokolade

Du får ein deilig Reindyrka kaffipose og ei sjokoladeplate. Kom innom i butikken, eller du kan få belønninga tilsendt i posten.

25 personer har bidratt Begrenset antall: 175 igjen kr 500
Estimert leveranse 30.06.2018

Reindyrka kurs/foredrag

Reindyrka kurs/foredrag

Bli med på eit kurs eller eit foredrag i regi av Reindyrka.

5 personer har bidratt Begrenset antall: 95 igjen kr 1 000
Estimert leveranse 30.09.2018

Reindyrka Matkasse

Reindyrka Matkasse

Reindyrka Matkasse

5 personer har bidratt Begrenset antall: 495 igjen kr 2 000
Estimert leveranse 31.10.2018

Reindyrka oppleving.

Reindyrka oppleving.

Bli med på gardsbesøk. Møt ein Reindyrka bonde!

Bli den første som velger denne belønningen Begrenset antall: 80 igjen kr 5 000
Estimert leveranse 31.10.2018